Tilsynsførar (Cali)

Tilsynsførar (Cali)

25 oct
|
IKT Agder
|
Cali

25 oct

IKT Agder

Cali

Setesdal barnevern søkjer ein tilsynsperson for barn som bur i fosterheim.

Vi ser etter ein trygg og engasjert vaksen som er god til å lytte, skape tillit og møte barn og unge med respekt.

Setesdal barnevern er ei interkommunal barnevernsteneste for Bykle, Valle og Bygland, med Valle som vertskommune.

Som tilsynsførar i Setesdal barnevern skal du føre uavhengig tilsyn med at barn får forsvarleg omsorg i fosterheimen, og at føresetnadene for plasseringa blir følgde opp. Du skal bidra til at barnet blir høyrt, og vere ein person barnet kan snakke med om korleis det har det – også om forhold som opplevast vanskelege i fosterheimen eller i kontakten med barnevernstenesta.

Det er viktig at du kan følgje barnet over tid og byggje ein trygg relasjon.

Stillinga er fast oppdrag og ledig frå d.d.

- Snakke med barnet og leggje til rette for samtalar utan fosterforeldra til stades
- Skrive rapport etter kvart tilsyn, der barnet sine synspunkt og dine eigne observasjonar og vurderingar kjem tydeleg fram
- Melde frå dersom du blir uroa for barnet sin omsorgssituasjon.
- Delta i nødvendig opplæring og rettleiing

Kvalifikasjonar

- er trygg, lydhøyr og respektfull i møte med ulike livssituasjonar
- kan arbeide sjølvstendig, planleggje besøka og halde fristar
- har tid og kapasitet til å ta på deg oppdraget over tid
- kan gjennomføre besøk på tidspunkt som passar barnet og fosterfamilien, også på ettermiddag og kveld





Relevant helse-, sosial- eller pedagogisk utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav. Personleg eignaheit og evna til å møte det enkelte barnet vil bli tillagt stor vekt. Du må kunne ivareta ei uavhengig rolle overfor barnevernstenesta og fosterfamilien.

Tilknytingar som kan påverke uavhengigheita, vil bli vurderte før tildeling av oppdrag.

Det er krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart. Tilsynspersonen har teieplikt.

Personlige eigenskapar

- Interessert og engasjert i barns oppvekstvilkår
- Rettleiing i oppdraga

Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.

Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.

Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.

Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/

#J-18808-Ljbffr

📌 Tilsynsførar (Cali)
🏢 IKT Agder
📍 Cali

Postulate a este anuncio

Muestra tus habilidades a la empresa, rellenar el formulario y deja un toque personal en la carta, ayudará el reclutador en la elección del candidato.

Suscribete a esta alerta:

Recibe por email las nuevas ofertas de trabajo para: tilsynsførar (cali) / cali

Suscribete a esta alerta:

Recibe por email las nuevas ofertas de trabajo para: tilsynsførar (cali) / cali