Barne- Og Ungdomsarbeidar (Valle del Cauca)

Barne- Og Ungdomsarbeidar (Valle del Cauca)

08 nov
|
IKT Agder
|
Valle del Cauca

08 nov

IKT Agder

Valle del Cauca

Vil du vere med på å skape ein barnehagekvardag med omsorg, inkluderande leik og meistring?
Med visjonen «Robuste barn i leikande miljø» søkjer Valle og Hylestad barnehagar ein fagleg engasjert barne- og ungdomsarbeidar til eit 100 % vikariat frå 4.
januar **** til og med 8.
august ****.
Me arbeider med kunnskapsmodellen og har helsefremjande oppvekst som eit sentralt satsingsområde.
Gjennom leik, fysisk aktivitet og varierte uteopplevingar legg me til rette for meistring, rørsleglede og deltaking i fellesskapet.
Målet er å fremje trivsel og utvikling og bidra til å utjamne sosiale forskjellar.
Barnehagen er organisert i to einingar, Valle og Hylestad.Hylestad-eininga ligg på Nomeland og har tre avdelingar.
Valle-eininga ligg i skuleområdet i Valle.
Stillinga er for tida lagd til Valle-eininga.
Ved behov må du kunne arbeide ved begge einingane.
Du må òg kunne arbeide på småbarnsavdeling.
Begge barnehagane har flotte uteområde og natur i nærmiljøet som gir gode høve til leik, utforsking og turar gjennom året.
Ivareta barna sitt behov for omsorg, tryggleik og gode relasjonar
Leggje til rette for inkluderande leik, medverknad og meistring i det daglege arbeidet
Bidra til eit nært og tillitsfullt samarbeid med føresette
Vere ein god rollemodell i møte med barn og vaksne
Bidra til fagleg utvikling og oppfølging av barnehagane sine satsingsområde
Bidra til eit trygt og inkluderande lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
Kvalifikasjonar
Vi søkjer primært etter deg som har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
Søkjarar med anna relevant utdanning og/eller relevant erfaring frå arbeid med barn kan òg bli vurderte.




Det er ønskjeleg med relevant erfaring frå arbeid i barnehage, særleg med dei yngste barna
Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Gode digitale ferdigheiter og evne til å nytte IKT-verktøy i planarbeid og dokumentasjon
Politiattest av nyare dato må leggjast fram før tilsetjing.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved dokumentasjon på utdanninga.
Personlege eigenskapar
Trygg, varm og tydeleg vaksen som møter barna med omsorg og nærvær
Ser alle barn som verdifulle og set barna sine behov i første rekkje
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Arbeider sjølvstendig og målretta
Løysingsorientert, positiv og engasjert
Merksam på barna sine uttrykk og behov, og tilpassar støtta til kvart enkelt barn
Tek medansvar for eit trygt og inkluderande fellesskap prega av respekt og open dialog
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Eit fagleg fellesskap med vekt på utvikling og samarbeid
Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
Løn etter gjeldande tariff
Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
Bedriftsleilegheit i Kristiansand sentrum
Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
Ei triveleg bygd å bu i
Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje.
Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten.
Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod.
Kommunen har om lag **** innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: /
#J-*****-Ljbffr

📌 Barne- Og Ungdomsarbeidar (Valle del Cauca)
🏢 IKT Agder
📍 Valle del Cauca

Postulate a este anuncio

Muestra tus habilidades a la empresa, rellenar el formulario y deja un toque personal en la carta, ayudará el reclutador en la elección del candidato.

Suscribete a esta alerta:

Recibe por email las nuevas ofertas de trabajo para: barne- og ungdomsarbeidar (valle del cauca) / valle del cauca